Student i England

Byen er vakker og historisk

Studere i EnglandEg heiter Guro, og eg studerer International Development with Social Anthropology and Politics. Eg valgte dette studiet og University of East Anglia fordi det er eit av dei beste i sitt felt i landet og også ein av dei beste skulane når det gjeld fornøgde studentar. Eg besøkte campus før eg begynte å studere her, og eg forelska meg i den vakre nature og i campusen. UEA er ikkje i bysenteret, men du kan likevel finne alt du treng på og rundt campus. Ein annan ting eg elskar med UEA, er folka og alle dei forskjellige samfunna og klubbane. UEA har alt, frå fotball og rugby til strikking og baking, og dei du møter i klubbane er åpne og hyggelege folk. Å bli med i ein klubb er ein flott måte å møte folk utanfor ditt studiefelt, og nokre av mine best vener er folk eg har møtt i ulike klubbar.
 

Sosialt

Eit anna aspekt av det sosiale studentlivet på UEA er the Union Pub og the LCR. Dette er steder studentar går for å møte vener, og det er plassert mitt på campus. The LCR er open kvar tirsdag og kvar laurdag, med DJ tilhøyrande skulen eller gjesteDJ-ar, i tillegg til konsertar med band som Passengers og the Kooks.

UEA har også gjort studering lett. Biblioteket er opent 24/7 året rundt, og for mindre organiserte folk som kanskje treng å jobbe gjennom ei natt før ei innlevering, er dette eit fantastisk tilbod.  Staben i biblioteket er utruleg hjelpsame. Staben på UEA kan hjelpe deg med det meste, om det så er IT, korleis referere på riktig måte, matte, studielån og finans eller noko anna for den saks skuld. Lærarane er veldig snille og venlege, og om du treng hjelp kan du alltid enkelt finne nokon som vil hjelpe deg.
 

Flott by

Det er også lett å reise inn til byen. Eg trudde det ville vere vanskeleg å forstå bussrutene, men det kunne ikkje ha vore lettare! Norwich er ein fantastisk by. Eg kjem sjølv frå ein liten by med kun 12 000 innbyggjarar, og eg var litt redd for å flytte til ein ein større by heilt aleine. Norwich er fantastisk fordi byen har alt ein stor by burde ha, men har likevel den kjensla av å vere ein småby. Eg føler meg alltid trygg når eg går rundt i Norwich, og kvar gang eg går inn i byen finn eg nye gater og butikkar eg ikkje har sett før. Byen er vakker og historisk, og den har alt ein kan trenge.

Då eg først kom til UEA, var eg litt skremt og nervøs sidan dette var ein heilt ny situasjon for meg. Men mykje på grunn av den fantastiske måten UEA tek imot internasjonal studentar på, fekk eg snart vener, og eg kan heilt ærleg seie at UEA er det beste som nokon sinne har skjedd meg. Eg har lært mykje om folk frå forskjellige land, og eg har også lært mykje om meg sjølv.

- Guro 
 

Tilbake til studentopplevelser
Send oss din studentopplevelse

Send meg mer informasjon

Lurer du på noe?
Send oss en melding