Hvor er du fra? NORGE USA CANADA LATIN-AMERIKA ANDRE LAND

 

 

Du finner alt du kan tenke deg i gangavstand

Studier i StorbritanniaMitt namn er Janne Lillenes, og eg studerar historie ved Swansea University.

Kva er det du likar ved studiet ditt?
Eg har valt å fokusere på moderne historie. For dei som lurar på kva moderne historie vil seie, so er det periodane etter at Romerriket fell og fram til vår tid. Eg har funne overgangen frå VGS til universitet ganske enkel, pga. av at eg har fått so stor hjelp frå lærarar og andre folk ved fakultetet. Lærarane ved det humanistiske fakultetet har stor og vid kunnskap om alt, og eg har fått lov til å pirke i den kunnskapen. Kvar student har sin eigen ”lærar”, og denne ”læraren” skal følgje deg gjennom heile studietida, og han/ho er der for å hjelpe deg når du treng hjelp.

Skuledagen består av vanlege timar og seminar. Eg har to timar per veke i kvart fag, og pluss seminar anna kvar veke eller to gongar i semesteret. I siste del av graden, 4 siste månadane so har eg avsluttande oppgåve. Det vil seie ei avsluttande oppgåve i eit av faga eg har valt. Ein kan også studere historie med politikk eller eit språkfag. Det kjem an på kva du vil.

Kvifor studerar du ved Swansea?
Når eg søkte for å gå på skule her borte, so fekk eg høyre at Swansea var ein utruleg koseleg by og at universitetet hadde høg kompetanse. Eg besøkte aldri Swansea før eg begynte å studere, men eg angrar ikkje i det heile tatt på at eg kom hit. Swansea er ikkje ein stor by, men den er stor nok. Du finn alt du kan tenke deg innan gangavstand. Ikkje berre det, men Swansea er kjent for den fine stranda som ligg rett nedanfor universitetet, og parken som er ovanfor. So når det er fint vær, so har du moglegheita til å enten vere i parken eller ved stranda. Det er ikkje alle som har dei moglegheitene. Er du redd for at Swansea blir for langt ifrå venar og familie, ikkje ver redd, det går direkte tog til London, og bussar direkte til både Gatwick og Heathrow.

Kvifor ville du til Swansea, og kva likar du best ved byen?
Som sagt hadde eg aldri vert i Swansea før eg kom hit, men eg valte Swansea pga. av stranda, den vakre naturen, den ikkje so altfor store byen. Men fyst av alt so valte eg Swansea pga. av fagkunnskapen. No har eg rett og slett forelska meg i byen. Folk er alltid hyggelege, dei har alltid tid for ein prat. Byen er travel om dagen, men stille om kvelden (hvis det da ikkje er ut på byen du skal).

Karriere‐ kva tenkjer du på å gjere når du er ferdig?
Når eg er ferdig her, so skal eg tilbake til Noreg for å ta masteren min. Eg kan ta masteren her borte, men eg må få litt kontaktar heime også. Når eg er ferdig med både bachelor og master, so skal eg bli lærar ved eit universitet. Ein bachelorgrad frå Storbritannia er mykje verdt, so eg vil få mykje igjen for å ha studert her borte.

- Janne 

Les om andre som har studert ved Swansea University:

Få en veileder