Hvor er du fra? NORGE USA CANADA LATIN-AMERIKA ANDRE LAND

 

 

Lincoln skilte seg ut

Studere i utlandetKorleis bestemte du deg for å komme til Lincoln?

Eg hadde eit ønske om å kunne oppleve England og engelsk kultur utanfor London. Då eg byrja å leite etter kva universitet som passa meg best skilte Lincoln seg ut av fleire årsakar. Ein av desse var plasseringen på universitetet. Lincoln ligg i hjarta av England, dermed får du det beste av sør og nord i landet. At campus er plassert sentralt i byen, og at alle bygg er i gåavstand var også eit pluss. I tillegg har Lincoln ein stor sjarm med både eit historisk og moderne særpreg. Universitetet tilbydde også eit godt program til den graden eg ville ta. Det var ein by som hadde alt eg leita etter.

Kva er den største forskjellen mellom å studere i Lincoln og i Noreg?

Det å studere i Lincoln er nokså annleis enn å studere i Noreg. Du får blant anna ein personleg veileder tildelt deg, og første året samlast du saman med ei lita gruppa for å jobbe saman med veilederen. Dei neste åra er det ein person du snakkar med minst ein gong i semesteret. Det er veldig betryggande å vite at du har nokon som kjenner deg godt og som vil hjelpe til der det trengs. Ellers så blir det tilbydd fleire valfag, og foreleserane er alle gode akademikarar.

Korleis er ein vanleg dag i Lincoln?

Eg startar dagen min med ein god kopp kaffi og frukost før eg gjere meg klar for å gå til universitetet. På denne tiden brukar eg å høyre på musikk for komme i det rette moduset. På universitetet går dagane til forelesingar og seminarar. Om eg har ein eller to time med pause i løpet av dagen pleiar eg å gå til biblioteket å jobbe. Det er også ein pub og bar på campus i tillegg til katine om ein blir svolten. Dersom eg treng litt avbrekk i frå jobbing pleier eg å sette meg ved elva og sjå på alle svanane. Ingen dag er heilt lik, men dei gir deg moglegheiten til å tilpasse arbeidstiden din slik det passar deg best.

Er det noko du synest er negativt eller utfordrande ved å studere i Lincoln?

Dei første vekene var det uvant å snakke so mykje engelsk, men det gjekk fort over. Det var heller små ting som å finne ut kva mat du likte best på butikken som var utfordrande. Det å ta ein utdanning er ein utfordring i seg sjølv, men den utfordringen vart ikkje verre av å studere i Lincoln.

Korleis er prisene og leige i Lincoln?

Både prisar og leige er billigare i Lincoln enn mange norske studentbyar. Mat er veldig rimeleg, og du kan få ein flott leiligheit for mindre kostnad enn i Noreg. Du sparer mykje om du bur i ein student bolig.

Fortell om studering og læring – korleis er det?

Læringsmiljøet i Lincoln er veldig bra, du er omringa av eit akademisk miljø og fleire gode fasilitetar. Studiet (BSc Hons Psychology) består for det meste av forelesningar, seminarar, workshops og eigenstudie. Du skal i teorien jobbe 40 timar i veka, men du legger opp mange av timene sjølv. Nokon veker jobber du mindre, andre meir.

Kva gjere du når du ikkje går på universitetet (hobbyar & aktivitetar)?

På fritiden min likar eg veldig godt å lese bøker for gøy, teikne, male og ellers vere kreativ. Eg likar også å bruke tid med mine britiske venner på kafé, eller kanskje på pub eller klubb. Det er fantastisk å vere student i Lincoln.

Vil du anbefale å studere ved Lincoln? Har du nokon tips til nye studentar?

Eg vil definitivt anbefale å studere ved Lincoln. Som ein by har den alt du kunne ønske deg, og universitetet er veldig bra. Eg er takknemleg for at eg valte Lincoln kvar dag. Til nye studentar: ikkje ver sjenert, det å vere ein del av dette universitet kjem til å vere ein fantastisk opplevelse.

- Julia Schønning Vigdal

Andre som har studert ved Lincoln:

Få en veileder