Studentlivet i Storbritannia er full av overraskelser og skuffer skjeldan. Det er alltid mykje å finne på, og innanfor alle områder. Universitetet arrangerer mange aktivitetar, og ofte samlar mange universitet seg for å arrangere større events. Forelesarar er engasjerte og er ofte å sjå uti felten og mingler med studentene.
City University ligg i eit flott område, med mange moglegheitar for avkopling i samanheng med lunsjtid eller etter forelesningane tek slutt for dagen. Mange områder tek hensyn til studentstatus og har ofte rabatt – både på mat og klede.
Opplegget på universitetet er godt lagt opp, med mange moglegheitar for val innanfor dine interesser. Dei har også mange «societies» éin kan melde seg inn i, både innan sport og akademi, som breiar ut moglegheita for å sosialisere seg med andre studentar og oppnå større nettverk. Dei gjer ting litt annleis her i London, og krev mykje engasjement utanom det faglege, som gjer det meir interessant.
Sjølve psykologistudiet er veldig interessant. Forelesarane er svørt engasjerte i det dei lærer vekk, og forskar gjerne innanfor dei temaene dei forelesar i. Dette gjer det mykje meir interessant, og lettare å lære. Dei er veldig tilgjengelege for spørsmål og eg har ikkje opplevd noko problem med å få svar eller hjelp med det eg treng. Dei har eksamenar 2 gonger i året, men held oppe nivået med mindre testar, rapportar og innleveringar undervegs, som passar meg godt. Eg er svært nøgd med universitetet, sjølv om det er mykje jobbing og ekstra aktivitetar å engasjere seg i!
Engelsk er ikkje noko problem, norske studentar klarar seg som oftast veldig godt. Det kan vere esktra tungt i starten om éin ikkje er vant med engelsk, ettersom alt er på eit anna språk enn morsmålet, men éin kjem fort inni det om éin jobber med det.
Sidan eg er gift, bestemte me oss for å skaffe oss ein eigen plass å bu. Me fann ein kjempeflott leilighet i Fitzrovia, og me bur veldig fint. Mange av vennene mine har dessverre ikkje vore like heldige med områder og standard, men det er litt dyrt med bopel i London. Prisene kan gjenspegle kvaliteten (både på ommrådet og standarden på bopelet), så éin må vere forsiktig når éin skal finne noko éin er nøgd med. Universitetene har mange ulike Halls som studentar kan bu i, og er ofte det beste når ein ikkje kjenner nokon frå før – eg har mange venner frå ulike land som har gjort dette og har vore svært nøgde med det! Men det er viktig å være tidlig ute, ettersom det er mange som er ute etter slik bolig.
Alt i alt er eg stornøgd med valet mitt. Ofte når folk spør korleis det er å studere og bu her, har eg kun eit svar: Det er, utan tvil, det beste eg har gjort i mitt liv.
Til alle som vurderer dette: Det er aldri for seint, og det vil vere verdt å prøve!
Lykke til :)
- Jacqueline
Privacy & Data Protection Policy | Cookies Policy | Anti-Slavery & Human Trafficking Statement | Terms & Conditions | Vacancies
2024
Copyright © Across the Pond - Study in Britain Ltd. All rights reserved.