Mitt livs beste valg!

Mitt livs beste valg!

Studere musikal i utlandetMitt navn er Vibeke, og eg tar ein treårig utdanning i Musical Theatre ved Institute for Contemporary Theatre Brighton (ein del av BIMM). Det å studere musikal i England er heilt fantastisk! Sang, dans og teater i skjønn forening medan ein lærer hos nokre av West End sine beste sangarar, dansarar, skodespelarar og regissørar skapar ein direkte kontakt inn mot bransjen som er heilt unik.

Institute for Contemporary Theatre er heilt fantastiske, da dei vektlegger å utdanne allsidige artistar som etter enda utdanning går ut i jobbmarkedet med evna til å tenke sjølve, vere innovative og sjå moglegheiter for seg sjølve – noko som kanskje akkurat no er viktigare enn nokon gang. Dei har også nyleg starta opp avdelingar i Manchester og Birmingham.
 

Brighton

Brighton er ein nydelig by i Sør-England, kun ein liten time fra London, og byen kallast ofte for "London by the sea". Brighton har utruleg mykje å by på for alle og einkvar; gode matopplevelsar, eit yrande uteliv (utanom Covid-19), shoppingmoglegheiter, trening, musikkopplevingar, teater, sjåverdigheiter og mykje anna snacks. Brighton er ein veldig fargerik, open og urban som faktisk til og med er kåra til Englands lykkeligaste by! 
 

Bolig

Eg har valgt å bu i eit “shared student accommodation home” med Abodus Student Living det fyrste året mitt, da eg følte eg ville starte litt trygt og bu meg litt til før eg såg meg rundt etter andre moglegheiter. Her har me resepsjon med ansatte på dagtid som tar seg av vedlikehold og andre servicerelaterte ting, god standard og eit trygt miljø. Det er massevis av liknande moglegheiter i Brighton, og man kan også bu privat, på campus ved universiteta, gå saman med andre og bu i hus osv.
 

Som ein drøm!

Eg trudde fyrst at det å studere i England skulle by på fleire utfordringar, men fram til no har det gått som ein drøm. Eg har fått kjempegod hjelp av skulen min og dei som jobbar der eg bur når eg har hatt behov for det, og eg har fått veldig god informasjon. Folk er også generelt veldig hyggelige og imøtekommande her - dei gir gjerne vegbeskrivelsar til ein forvirra student som har gått seg vill, og dei møter deg med eit smil og eit: "Hi there, love" når du går på bussen. Eit stort pluss er også at maten er ein del billigare i England. Om du er ein skikkeleg "foodie", slik som meg, så er dette veldig gode nyheiter.

På eit generelt nivå vil eg berre oppfordre alle som har det minste snev av nysgjerrighet angåande studier i utlandet til å hive seg rundt og gå for det. Eg sjølv turte ikkje dette då eg gjekk ut av vidaregåande i 2013, og gjekk da i ein heilt anna studieretning i Norge – men no er eg her omsider (I England! På musikalstudier!) og tør å gå for det. Eg kjenner allerede etter 3 månader at eg har gjort mitt livs beste valg!

- Vibeke
 

Tilbake til studentopplevelser
Send oss din studentopplevelse

Send meg mer informasjon

Lurer du på noe?
Send oss en melding